Forsida Nytt Verksemd Kontakt Lenker Produkt

Produksjonen av KRUNE sider byggjer på den tradisjonelle siderkulturen som har eksistert i Hardanger siden dei fyrste epletrea vart planta av cisterciensermunkane på 1200-talet.

KRUNE AS har vidareutvikla denne kulturen i Hansa Bryggeri sine tidlegare fjellhallar på Kalfaret I Bergen.

Krune Sider kan kjøpast hos Vinmonopolet eller Vinhuset Engros.

Nokre av sidene våre er passordbeskytta i samsvar med norsk lovgjeving om alkoholreklame. Kontakt oss for å få opna desse.

Aktuelle lenker:

De Historiske Hotell og spisesteder

TERNINGKAST 5!

Scanned text review of KRUNE cidre

26. juni 2009

Bergensavisen sin vinanmeldar har tatt for seg siderprodukt i dagens utgåve og gjer Krune ikkje mindre enn karakteren 5 i si vurdering. Klikk på biletet for å lese kritikken

Den originale kruna

7. desember 2008

Fleire vi møter spør oss om kva namnet KRUNE tyder og kva opphavet er. Det er ei heilt spesiell krune som er modell for vår logo og namn, nemleg brurekruna frå 1800-talet som i si tid vart boren av tipp-tipp-oldemora til Njål Vindenes, fusingen som grunnlagde KRUNE AS. Kruna på V&A (sjå bilete og beskriving) er sannsynlegvis den originale kruna til Vindenes-familien, som i 1879 vart bytta inn i den som er Kruen-logoen, og som no er i familien si eiga.

Navneskifte

12. november 2008

På ekstraordinær generalforsamling den 9. november skifta Kalfarets Kultur AS namn til Krune AS og verksemda si adresse vert flytta til Ullensvang i Hardanger. Melding om namneskiftet og adresseendringa er send til foretaksregisteret og informasjon om dette går til våre kontaktar når formalitetane er på plass. Logoen for firmaet vert soleis endra til den du ser oppe til venstre.

Nye heimesider

19. oktober 2008

Kalfarets Kultur AS har nye heimesider. Vi tek sikte på ein nettstad der vi kan presentere firmaet og verksemda for både publikum og firmakontaktar. Norsk lovgjeving let oss ikkje fritt drive marknadsføring av alkoholhaldeg drikke. Difor er sidene som knytter seg til Krune sider som produkt lagde på eit beskytta område der ein treng passord og brukarnamn for å logge seg inn. Samstundes vil vi gjerne kommunisere kva som til kvar tid hender i bransjen og i vårt firma. Difor vil vi halde denne sida med nyhende der det er mogleg å halde seg orientert med både kva som rører seg i ei ny og førebels lita grein i det norske næringslivet.

Mat- og siderfestival i Øystese

5. oktober 2008

Kalfarets Kultur i salsgsteltKalfarets Kultur AS deltok den 4. oktober på torgdagen under årets Mat- og siderfestival i Øystese, Hardanger. Med ein mann i dommarpanelet var vi og med på å kåra årets beste privatproduserte sider i regionen. Vi takkar arrangørane for vellukka dag ser alt fram til deltaking på neste års festival.
På biletet ser ein KKs mann, Olav Bleie, i salgstelt under festivalen.